Bukkholmen

holme i Fitjar kommune

Bukkholmen er ei lita øy i Fitjar kommune. Ho ligg mellom Engesund i søraust, Ivarsøy i sør, Siglo i vest og holmane ut mot Selbjørnsfjorden i nord.

Bukkholmen
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Areal  0,14 km²
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 20
Kart
Bukkholmen
59°55′43″N 5°12′57″E / 59.92855°N 5.21576°E / 59.92855; 5.21576

Garden er ikkje gammal og var opphavleg ein husmannsplass under Siglo som eigarane av Fitjargarden bygsla bort. Den første brukaren her dukka opp mot slutten av 1700-talet. I 1838 vart Bukkholmen eigen gard. Den første sjølveigaren var Mikkel Sørensen som kjøpte garden på auksjon i 1825. Han var brukar her og garden har seinare vore eigd av brukarane.

Garden har fått namn etter holmen han ligg, som vart nytta som beite for bukkar. Namnet har alltid vore skrive på same måten og daglegnamnet er lik skrivemåten

Folketalsutvikling endre

1801[1] 1900[2]
3 8

Geografi endre

Bukkholmen har eit areal på 14 hektar. Ho er kring 600 meter lang og kring 400 meter brei.

Kjelder endre

  • Simon Steinsbø (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.