Buksbomfamilien
Buksbomfamilien er ein plantefamilie i buksbomordenen (Buxales). Han inneheld buskar og små tre. Desse har heile blad og blomar som er små, einkjønna og kronlause.[1]
Buksbomfamilien | |
Sarcococca confusa | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Buksbomordenen Buxales |
Familie: | Buksbomfamilien Buxaceae Dumort., 1822 |
Familien omfattar 4-6 planteslekter med 100-120 artar. I APG III-systemet er slekta Didymeles teken med i buksbomfamilien, denne har tidlegare òg vore rekna til ein eigen familie, Didymelaceae.
Fleire artar i slekta blir brukt som hageplantar. Ingen artar i familien veks naturleg i Noreg, men buksbom blir brukt som hekkplante i mildare delar av landet.
Slekter
endreSlektene under familien kan grupperast slik:
- Buksbomslekta (Buxus)
- Vinterglansslekta (Pachysandra)
- Sarcococca
- Styloceras ( = Stylocerataceae?)
- Simmondsia ( = Simmondsiaceae?)
- Didymeles
Galleri
endre-
Buksbomgrein (Buxus sempervirens) med blomar
-
Buxus balearica
-
Buxus harlandii
-
Buxus microphylla
-
Buxus sinica
-
Pachysandra axillaris
-
Pachysandra procumbens
-
Pachysandra terminalis
-
Sarcococca confusa
-
Sarcococca hookeriana-grein med blomar
-
Sarcococca ruscifolia
Kjelder
endre- ↑ «buksbomfamilien». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 25. oktober 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Buksbomfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2021.