Buksbom
Buksbom
Buksbom
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Buksbom
Utbreiinga av Buksbom
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Buksbomordenen Buxales
Familie: Buksbomfamilien Buxaceae
Slekt: Buksbomslekta Buxus
Art: Buksbom B. sempervirens
Vitskapleg namn
Buxus sempervirens

Buksbom (Buxus sempervirens) er ein plante i buksbomslekta som veks i områda kring Middelhavet, i Vesleasia og Kaukasus, og vert mykje nytta som hageplante.

Busken har stive greiner og veks i ei open og rund form. Knoppane er er eggforma med grøne skjel. Blada er ovale eller tilnærma sirkulære med ei rett «avskåre» tupp, tjukke, med blank og sterkt grøn overside og matt grøn underside. Blomane er gulgrøne, sit samla ved bladhjørna og angar med ei karakteristisk, god duft. Frukta er ein kapsel med tre rom, men frøa treng eit varmare klima enn her i landet for å modne. Veden er gulaktig og særs hard og tung og egnar seg godt for biletskjering, til plater for trestikk (xylografi), til musikkinstrument (blåseinstrument som til dømes obo), og vart i tidlegare tider ofte nytta til verktøy av ulike slag.

Buksbom er funnen i Noreg nord til Trøndelag.[1] Han vart nytta som hageplante i kyststroka med dei mildaste vintrane frå Oslofjorden og nordover mot Vestlandet.[2]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Buksbom Buxus sempervirens L.». artsdatabanken.no. Henta 6. september 2021. 
  2. «buksbom». Store norske leksikon. Henta 6. september 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Buksbom