Buksnesfjorden i Vesterålen
Buksnesfjorden er ein fjord i Risøysundet på Hinnøya i Andøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2 km austover til Teinvatnet i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Hestneset i nord og Kvalshågen i sør. Buksnesfjord camping ligg på sørsida av fjorden, elles er det ingen busetnader her. Store delar av områda rundt fjorden, heile nordsida og dei indre områda på sørsida er myrlendt.
Riksveg 82 går langs begge sider av fjorden og kryssar den inste delen av fjorden via to små bruer og vegfyllingar.