Risøysundet
68°57′18.8″N 15°36′24.7″E / 68.955222°N 15.606861°E
Risøysundet er ein del av sundet som skil Andøya og Hinnøya i Nordland. Risøysundet bind saman Andfjorden (som også er eit sund) og Sortlandsundet. Sundet er grunt, og for at større båtar skulle kunne passere gjennom det, måtte det gravast ut ei renne gjennom det grunnaste området. Richard With var den fremste pådrivaren for dette. Risøyrenna blei opna i 1922, og utvida og nyopna i 2001.
I sør går Risøysundet over i Sortlandssundet, med Gavlfjorden ut mot nordvest. I nord går sundet ut i Andfjorden nord om Lovika.
Andøybrua kryssar Risøysundet mellom Dragnes på Hinnøya og Risøyhamn på Andøya. Brua blei opna i 1974. Hurtigruta går gjennom sundet, med anløp i Risøyhamn mellom Sortland og Harstad.
Den nordvestlege delen av Risøysundet er verna som Risøysundet naturreservat.
Bakgrunnsstoff
endre- Andøy Historielag om Risøyhamn og Risøysundet Arkivert 2009-06-28 ved Wayback Machine.
- Andøy Historielag om Lovika og Risøysundet Arkivert 2008-03-17 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Risøysundet» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2010.