Bulkbil er ein lastebil, eller eit vogntog, med høge karmar og tak, eller tank for transport av faststoff i pulver, granulat og liknande former. Typiske oppgåver er transport av korn, mjøl, kraftfor, kunstgjødsel, kjemikaliar i pulverform, opphakka trevirke, sagflis, spon, pellets, sement, etc.

Ein tysk bulkbil.

Bulkbilar kan verta lasta med hjullastar, ved at lasta renn ned i bilen frå ein silo eller ved hjelp av trykkluft. Lossing foregår ved hjelp av trykkluft, eller ved at lasta vert tippa ned i ein silo.

Galleri endre