Bull Bay på Anglesey
Bull Bay (engelsk; walisisk Porth Llechog) er ein landsby på nordkysten av Anglesey i Wales. Det walisiske namnet Porth Llechog tyder ‘verna bukt’. Det engelske namnet kjem frå Pwll y Tarw (‘Oksevatnet’), som ligg nær bukta.
Bull Bay Porth Llechog | |||
landsby | |||
Land | Wales | ||
---|---|---|---|
Fylke | Anglesey | ||
Porth Llechog 53°25′10″N 4°22′20″W / 53.419444444444°N 4.3722222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Bull Bay, Anglesey |
Landsbyen ligg langs A5025. Han er den nordlegaste landsbyen i Wales. Det ligg ein golfbane ved landsbyen som vart opna av ein lokal aristokrat i 1913. Øya East Mouse ligg i bukta med mange klipper og grotter langs kysten. Somme av desse klippene er over 570 millionar år gamle og nokre av dei eldste i Wales.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bull Bay på Anglesey» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2010.