For fjernsynskanalen, sjå Boomerang.

Bumerang er eit kastevåpen og leiketøy som vanlegvis er laga av eit bøygd trestykke. Når han blir kasta, sviv han i lufta om sin eigen akse, og kan derfor halda seg flygande lenge. Den mest kjende bumerangtypen vender tilbake til kastaren, men dei fleste bumerangar gjer ikkje dette. Ein kjenner særleg bumerangar frå Australia, der bumerang er eit viktig nasjonalt symbol. Liknande våpen er også blitt laga fleire stader i verda. Ein kan bruka bumerang til jakt og kriging, men også til idrett, leik og musikk.

Ulike bumerangtypar.

Ordet «bumerang» er avleidd frå eit aboriginarspråk frå New South Wales, kanskje dharug.[1] Ein finn ordet wo-mur-rāng i ei engelsk ordliste over klubber frå 1778, medan womrā (kastespyd) og bumarin (bumerang) opptrer i ei seinar ordliste frå George's River i Botany Bay.[2]

Dekorerte bumerangar av returtypen frå messe i Melbourne i 2005.

Bumerangar finst i mange forskjellige utformingar og storleikar etter kvar føremål dei har og kvar dei kjem frå. Den «typiske» bumerangen som kjem tilbake til kastaren er ein svakt bøygd kastepinne som flyg i ein tilbakevendande boge når han blir kasta. Andre bumerangar kan flyga rett framover og er meint å treffa målet med stor styrke. Særs store bumerangar er ikkje tradisjonelt brukte til kasting, men som slagvåpen. Frå ende til ende kan ein bumerang vera alt frå 10 cm til over 2 meter lang.

Ein del tradisjonelle bumerangar er pynta med måleri eller utskjeringar som gjev mening til den som laga dei. I dag blir mange pynta bumerangar laga som kunst eller til salg som suvenirar og liknande. Moderne sportsbumerangar er gjerne laga av komposittmateriale og kan ha enkle dekorasjonar.

Medan bruk av bumerang var kjend frå store delar av Australia brukt av aboriginarar der, finst det også døme på liknande kastevåpen frå Afrika (mellom anna Det gamle Egypt), Europa, India og Nord-Amerika.

Kjelder endre

  1. «boomerang», Australian Oxford Dictionary, Oxford University Press, 2004 
  2. «boomerang, n.», OED Online (Oxford University Press), September 2016, henta 3. november 2016 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bumerang
  Denne teknologiartikkelen som har med idrett og Australia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.