Bureau of Meteorology
Bureau of Meteorology er eit statleg selskap i Australia som har ansvar for vêrtenester i og rundt Australia. Det vart skipa i 1906 då fleire statlege meteorologiske tenester, som hadde eksistert tidlegare.[1][2]
Bureau of Meteorology lagar vêrvarsel, åtvaringar og observasjonar til australiarane. Byrået sender ut vêrbilete via radiofax og er ansvarleg for å sende ut flaumvarsel i Australia. Byrået har hovudkontor i Melbourne Docklands, som omfattar forskingssenteret deira, det nasjonale meteorologiske og oseanografiske senteret, det nasjonale klimasenteret, samt ei hydrologisk og ei satellittavdeling.[3]
Byrået har regionskontor i kvar stat og territorium i landet, som kvar har sitt eige regionale varslingssenter og eit flaumvarselsenter, og Perth, Darwin og Brisbane har òg Varlingssenter for tropiske syklonar. Kontoret i Adelaide omfattar Nasjonalt tidvassenter, medan Darwin-kontoret har Volcanic Ash Advisory Centre og Regional Specialised Meteorological Centre (analysar).
Bureau of Meteorology sender ut anbefalingar kring tropiske syklonar[4] og utvikla Standard Emergency Warning Signal (Standard naudvarslingssystem) for åtvaringar. Byrået er ansvarleg for å namngje tropiske syklonar i farvatna rundt Australia.
Byrået vedlikeheld observasjonsnettverket i Australia, naboøyane og på Antarktis.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bureau of Meteorology (Australia)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «BOM celebrates 100 years». Australian Broadcasting Corporation. Henta 7. august 2010.
- ↑ «Collections in Perth: 20. Meteorology». National Archives of Australia. Arkivert frå originalen 12. februar 2012. Henta 7. august 2010.
- ↑ «Bureau of Meteorology Head Office 700 Collins Street». Bureau of Meteorology. Arkivert frå originalen 11. april 2020. Henta 7. august 2010.
- ↑ Tropical Cyclone Advices Arkivert 2009-03-11 ved Wayback Machine., Bureau of Meteorology, 2009