Buskøyna

øy i Solund
(Omdirigert frå Buskøy)

61°12′32″N 04°52′07″E / 61.20889°N 4.86861°E / 61.20889; 4.86861

Buskøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund kommune
Høgaste punkt 59 moh.
Kart
Buskøyna
61°12′32″N 4°52′07″E / 61.209°N 4.86864°E / 61.209; 4.86864

Buskøyna er ei øy nord i Solund kommune i Vestland. Øya er litt over 2,5 kilometer lang frå nord til sør og ein halv kilometer frå aust til vest. Ho er utan vegsamband. Rutebåt frå Saltskoren til Hersvik på Sula stoppar her ved tinging.

Eit tidlegare namn på øya var Refsøen. Dette namnet kan tyde på at øya har vorte brukt til avrettingsstad for forbrytarar.[1]

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3]
11 18

Ishavsskuta «Buskø», ei av dei 5 fangstskutene som kom vekk i Vestisen i april 1952, hadde namnet frå Buskøyna. Første eigar, i 1926, var A/S Jan Hess, Florvåg/Buskøy. Tilknytning til denne øya var opphav til namnet. Då ho forliste var ho heimehøyrande på VartdalSunnmøre, og hadde fiskerimerket M 17 VD.[4]

Kjelder endre

  1. Leo Oterhals (1999). «Hess på Buskøy». Fangst og fiske. Molde: Lagunen/P. R. Consult. s. 28. ISBN 82-90757-1-66. 
  2. Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet
  4. «Buskø». ISHAVSMUSEET AARVAK. Henta 22. september 2023. 
  • Alf Steinsøy, Solund - Gards- og ættesoge til 1982, bd. II (Solund Sogenemnd, 1982)