Forlisa i Vestisen

norske fangstskute forlis i Vestisen

Forlisa i Vestisen er norske skuter som har forlist i fleire uvêr under den årvisse selfangsten i april/mai.

Rundt 7.-9. april 1917 forsvann sju fangstskuter og over åtti mann omkom. Blant skutene var «Admiralen» og «Arctic» frå Ålesund. 18. august drog «Flemsøy» med Johannes Brandal og Johan Olsen ut for å leite etter spor. Dei fann ein fangsbåt og ei skipsside.[1]

Under ein orkan 9.-10. april 1933 forliste sju skuter og tretten mann omkom. Elleve omkom frå «Håkon» frå Tromsø med besetning på tjueto og Olaf Eriksen som skipper.[2] To menn vart slått overbord, ein frå «Susan» av Hammerfest og Anders Vik frå Hillesøy på Tromsøskuta DS «Selis» (som ikkje forliste).[3]

I april 1939 forsvann «Polar» og «Vikfjeld» frå Tromsø med 28 mann.[4]

Omkring 5. april 1952 var det 53 norske fangstskuter i Vestisen, der sju av desse forliste i ein kraftig storm. Av desse forsvann fem: «Ringsel», «Brattind» og «Vårglimt» frå Troms og «Buskø» og «Pels» frå Sunnmøre, og 78 mann omkom. Trass mange døger med omfattande søk med fly og marinefartøy fann ein ingen spor etter skutene. Det første fartøyet som forliste, var Møre-skuta «Vestis», men mannskapet berga seg.[5][6][7]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «8 dampkuttere forsvant sporløst i Vestisen». Arkivert frå originalen 8. mars 2016. Henta 10. desember 2012. 
  2. «Fangstskuten "Håkon" med sin 22 manns besetning». Aftenposten. 15.6.1933. 
  3. «To fangstmenn slått overbord». Aftenposten. 19.3.1933. 
  4. «Intet livstegn fra de to fangstskuter». Aftenposten. 8.4.1939. 
  5. Arnold Farstad (2001). Mysteriet i Vestisen: selfangsttragedien som lamslo nasjonen. Samlaget. ISBN 82-521-5849-8. 
  6. Asbjørn T. Aagaard (1995). Vesterisen 1952. ISBN 82-993655-0-3.  [Dagboknotater publisert av Hilde Aagaard]
  7. «Da alarmen gikk i Vestisen». Foreningen Norges døvblinde.