Butter Point er eit nes i McMurdo Sound i Antarktis. Området ligg ved munningen av Ferrarbreen på andre sida av sundet for Hut Point. New Zealand sin Scott Base var planlagt lagt her, fordi det var god tilkomst frå sjøen og vidare inn til platået på land. I staden så vart Pram Point vald som stad for basen. Neset vart namngjeve av laget til Scott som hadde eit depot her, mellom anna ein god del smør (butter på engelsk).

Butter Point
nes
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°39′S 164°14′E / 77.650°S 164.233°E / -77.650; 164.233
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Butter Point
77°39′00″S 164°13′59″E / 77.65°S 164.233°E / -77.65; 164.233
Butter Point is located in Antarktis
Butter Point (Antarktis)

Kjelder

endre