Bybrannen i London 1666

Bybrannen i London 1666 var ein brann som råka byen svært hardt. Søndag 2. september 1666 brøyt det ut brann i eit bakeri i Pudding Lane i City. Vind frå aust fekk brannen til å spreie seg raskt i dei tørre trehusa. Den einaste sjansen for å stoppe ein slik brann var å lage branngater ved å rive hus, men innsatsen var uorganisert og var ikkje vellukka. På tysdagen løya vinden noko, og på onsdagen tok brannen til å døy ut. Neste dag var den sløkt, men på kvelden brøyt det igjen ut brann i Temple. Denne gongen var ein forberedt, og fleire hus blei sprengt med krut for å lage ei branngate. Søyla The Monument blei reist til minne om brannen. I halvtanna hundreår hadde den ei innskrift som tilskreiv brannen til papistisk hysteri; i røynda starta den fordi ein bakar hadde gløymt å ta brøda ut av omnen.

London sett frå Bankside i Southwark under brannen. Trykk av Visscher.

Omkring 60 prosent av byen blei lagd i oske. Dette inkluderte St. Pauls katedral, 87 soknekyrkjer, 44 laugshallar og Royal Exchange. Tapet av menneskeliv var forbløffande lite, offisielt var det maksimalt seksten som omkom. Dette talet kan vere høgare, ettersom ein ikkje hadde den oversikt over folketalet som ein har fått i nyare tid. Uansett dreiar det seg om ein svært låg dødsprosent.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.