London Borough of Southwark
(Omdirigert frå Southwark)
Southwark er ein bydel i London. Den ligg på sørsida av Themsen, og grensar mot City of London og Tower Hamlets mot nord, og Lambeth og Lewisham i sør.
Namnet oppstod som namn på eit område rett sør for London Bridge. Det har vore busett sidan romersk tid, og fekk namnet på 800-talet.
Distriktet blei oppretta i 1965 ved at kretsane Southwark, Camberwell og Bermondsey blei slått saman.
Det ligg to katedralar i Southwark: Den anglikanske Southwark-katedralen og den katolske St. Georgs katedral.
Stader i SouthwarkEndra
- Bankside
- Bermondsey
- Camberwell
- Dulwich
- East Dulwich
- Elephant and Castle
- Herne Hill
- Newington
- Nunhead
- Peckham
- Rotherhithe
- Southwark (gjerne kalla The Borough)
- Surrey Quays
- Walworth
- West Dulwich