Bygdelagsnemndi i Bergen

Bygdelagsnemndi i Bergen er eit samarbeidsorgan for bygdelag, ungdomslag og nokre mållag i Bergen, og vart skipa i 1939. Idrottslaget Gular er òg med i Bygdelagsnemndi, av di det har bakgrunn i bygdelaga.

Gjennom tidene har Bygdelagsnemndi stått for store fellestilskipingar for alle laga.

No har nemnda som målsetnad å vere ein møtestad for medlemslaga der ein kan samordna tiltak, og ta opp saker av felles interesse.

Bygdelagsnemndi står som ansvarleg for bygdelagsseksjonen i 17. mai-prosesjonen i Bergen, og har ein representant i 17. mai-komiteen i byen.

MedlemslagEndra