Bygstad kyrkje

kyrkje i Gaular kommune

Bygstad kyrkje står på garden Eide i Bygstad i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje.[1]

Bygstad kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Bygstad
Fellesråd Sunnfjord
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow
Innvigd 2. november 1845
 •  Endringar Flytt i 1939
Altartavle Frå kring 1620
Sitjeplassar 300
Kart
Bygstad kyrkje
61°22′49″N 5°39′53″E / 61.3804°N 5.6646°E / 61.3804; 5.6646
Wikimedia Commons: Bygstad kyrkje
Bygstad kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Bygstad kyrkje

Kyrkja vart sett opp på garden Bygstad i 1845 og vigsla 2. november det året. Ho vart bygd etter typeteikngar av arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow.[1]

I 1939 vart kyrkja flytt til garden Eide og påbygd sakresti og kor. Kyrkja vart vigsla på nytt 11. oktober 1939.[1]

Då kyrkja vart bygd i 1845 erstatta ho ei stavkyrkje frå 1200-talet.[2]

Kyrkja er soknekyrkje i Bygstad sokn i Sunnfjord prosti.

Fram til 1755 var Gaular del av Holmedal prestegjeld. Då vart prestegjeldet deld i Ytre og Indre Holmedal. Indre Holmedal prestegjeld skifta namn til Gaular i 1911.[3]

Sjå òg

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Bygstad kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 24. februar 2021. 
  2. «Bygstad kyrkje». NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Henta 24. februar 2021. 
  3. ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket».  Vitja 25. desember 2008

Bakgrunnsstoff

endre