Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Wikimedia-listeartikkel

Dette er eit oversyn over kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane, det vil seie gudshus i Sogn og Fjordane fylke som er vigsla for gudstenestebruk i Den norske kyrkja.

Ruinane etter Sunnivakyrkja på Selja. Kyrkja låg heilt inntil inngangen til hellaren der soga fortel at det vart funne levningar etter Seljumennene og Sankta Sunniva. Sjølve hola og hellaren vart kalla Salen og St. Mikaelskyrkja. Om ein skal tru sogene er dette den aller fyrste kyrkjestaden i Sogn og Fjordane.
Foto: Dag Bertelsen
Urnes stavkyrkje vart bygd fyrst på 1130-talet, truleg som høgendekyrkje, ei privat kyrkje, for ei stormannslekt som hadde setet sitt på Ornes i Lustrafjorden. Kyrkja står på UNESCO si verdsarvliste og er det eldste trebygget i Noreg. I kyrkja er oppattbrukt ein del vyrke frå ei eldre kyrkje på staden, mellom anna portalen som står i nordveggen, den kjende Urnes-portalen. I grunnen under kyrkja er det spor etter endå to eldre kyrkjer.

Det er 79 kyrkjesokn i Sogn og Fjordane fylke. I kvart av sokna er det ei eller fleire kyrkjer, og i tillegg kan det vere kapell. Kyrkjer i Den norske kyrkja vert eigde av sokna. Kapella og bedehuskapella som er lista er vigsla for gudstenestebruk i Den norske kyrkja og dei kan vere eigde av sokna, men dei kan også vere eigde av andre, som lokale lag eller organisasjonar som Normisjon.

Sogn og Fjordane høyrer til Bjørgvin bispedøme. Bjørgvin er eit av dei eldste bispedøma i landet og frå starten låg bispesetet for Vestlandet på den vesle øya Selja på sørsida av Stadtlandet, heilt nord i Sogn og Fjordane. I fylgje soga gav Olav Tryggvason ordre om at det skulle byggjast ei kyrkje på Selja etter at han fann bein med søt ange i hola på Selja.

Den eldste bevarde kyrkja i fylket er Urnes stavkyrkje som vart bygd kring 1130. Ho er det eldste trebygget i landet og ho står på UNESCO si verdsarvliste. Berre kring ti år eldre er Hopperstad stavkyrkje og Kaupanger stavkyrkje. Dei to eldste steinkyrkjene, Kinn kyrkje og Vereide kyrkje, er truleg frå kring 1160. I heilt andre enden av tidsskalaen finn ein Vassenden kapell frå 2002 og Sandane kyrkje frå 1997. Dei fleste av kyrkjene i fylket er frå 1800- og 1900-talet. Særleg i siste halvdelen av 1800-talet vart det bygd mange kyrkjer, og det vart samstundes rive mange eldre kyrkjer som ikkje lenger var tenlege, anten fordi dei var vortne for små eller fordi dei var i for dårleg stand, eller begge delar.

I oversikta er også teke med seks museumskyrkjer som tidlegar har vore eigde av sokna, men som no som no er eigde av Fortidsminneforeninga eller Miljøverndepartementet. Det gjeld Borgund stavkyrkje, Gaupne gamle kyrkje, Hestad kapell, Hopperstad stavkyrkje, Hove kyrkje og Urnes stavkyrkje. I dei vert det halde gudsteneste berre ved særskilde høve. Også Olden gamle kyrkje og Gimmestad gamle kyrkje fungerer meir som kulturminne enn som vanlege soknekyrkjer, men dei er eigde av sokna. Det er også mellomalderkyrkjene Kvamsøy kyrkje og Kinn kyrkje der det berre vert halde nokre få vanlege gudstenester i året, fordi det meste av gudstenestene no i staden vert haldne i kvar seg Sæle kyrkje og Florø kyrkje.

Arkitektur endre

Dei langt fleste av kyrkjene i fylket er langkyrkjer. Det gjeld alle mellomalderkyrkjene, både steinkyrkjene og stavkyrkjene, og dei fleste av kyrkjene som vart bygd på 1800-talet og fyrste halvdelen av 1900-talet. Det er to krosskyrkjer i fylket, Olden gamle kyrkje frå 1759, og Eikefjord kyrkje som vart bygd som langkyrkje i 1812, men utvida med krossarmar i 1874. I tillegg har Gimmestad gamle kyrkje stutte korsarmar, eit vanleg drag på dei lafta 1600-talskyrkjene. Fylket har også fire åttekantkyrkjer; Lavik kyrkje frå 1865, Tjugum kyrkje frå 1863, Innvik kyrkje frå 1822 og Loen kyrkje frå 1838. Dei fleste av kyrkjene som er bygd dei siste femti åra er arbeidskyrkjer og har meir varierte og gjerne fleksible løysingar for kyrkjerommet.

Kyrkjer og kapell i Sogn og Fjordane fylke endre

Lista er i utgangspunktet sortert alfabetisk etter namnet på kyrkja, men kan sorterast om etter kriteria stad, kommune, sokn, prestegjeld, prosti og innvigd ved å klikke på symbolet ved sidan kolonnenamnet øvst i tabellen. For dei fyrste kriteria vert lista då omsortert alfabetisk etter kvar seg stadnamn, kommunenamn, soknenamn, prestegjeldsnamn og prostinamn, medan omsortering frå kolonnen innvigd vil gje ei kronologisk sortering av lista etter årstalet kyrkjene vart innvigde.

Namn Bilete Stad Kommune På kartet Sokn Prestegjeld[1] Prosti Eigar Innvigd
Arnafjord kyrkje Nese Vik kommune
 
 
Arnafjord sokn Vik prestegjeld Indre Sogn 1880
Askrova bedehuskapell Askrova Flora kommune
 
 
Kinn sokn Kinn prestegjeld Sunnfjord 1957
Askvoll kyrkje   Askvoll Askvoll kommune
 
 
Askvoll sokn Askvoll prestegjeld Sunnfjord 1863
Bakka kyrkje   Bakka Aurland kommune
 
 
Nærøy sokn Aurland prestegjeld Indre Sogn 1859
Batalden bedehuskapell Fanøya Flora kommune
 
 
Kinn sokn Kinn prestegjeld Sunnfjord 1911
Berle kyrkje   Berle Bremanger kommune
 
 
Berle sokn Bremanger prestegjeld Nordfjord 1977
Bjordal kyrkje   Bjordal Høyanger kommune
 
 
Bjordal og Ortnevik sokn Lavik prestegjeld Sunnfjord 1906
Borgund kyrkje   Borgund sokn Lærdal kommune
 
 
Borgund sokn Lærdal prestegjeld Indre Sogn 1868
Borgund stavkyrkje   Borgund Lærdal kommune
 
 
Fortidsminneforeninga 1180, ca.
Breim kyrkje   Re Gloppen kommune
 
 
Breim sokn Gloppen prestegjeld Nordfjord 1886
Brekke kyrkje   Brekke Gulen kommune
 
 
Brekke sokn Gulen prestegjeld Nordhordland 1862
Bremanger kyrkje   Bremanger Bremanger kommune
 
 
Bremanger sokn Bremanger prestegjeld Nordfjord 1914
Bulandet bedehuskapell   Bulandet Askvoll kommune
 
 
Askvoll sokn Askvoll prestegjeld Sunnfjord 1909
Bygstad kyrkje   Bygstad Gaular kommune
 
 
Bygstad sokn Gaular prestegjeld Sunnfjord 1845
Byrknesøy kapell   Byrknes Gulen kommune
 
 
Mjømna sokn Gulen prestegjeld Nordhordland 1972
Bø kyrkje   Hyllestad kommune
 
 
Hyllestad sokn Hyllestad prestegjeld Sunnfjord 1868
Dale kyrkje i Fjaler   Dale Fjaler kommune
 
 
Fjaler sokn Fjaler prestegjeld Sunnfjord 1864
Dale kyrkje i Luster   Dale Luster kommune
 
 
Dale sokn i Sogn Luster prestegjeld Indre Sogn 1240, ca.
Davik kyrkje Davik Bremanger kommune
 
 
Davik sokn Davik prestegjeld Nordfjord 1886
Eid kyrkje   Nordfjordeid Eid kommune
 
 
Eid sokn Eid prestegjeld Nordfjord 1849
Eikefjord kyrkje   Eikefjord Flora kommune
 
 
Eikefjord sokn Kinn prestegjeld Sunnfjord 1812
Ervik kyrkje   Ervika Selje kommune
 
 
Ervik sokn Selje prestegjeld Nordfjord 1970
Farnes kyrkje   Øvre Årdal Årdal kommune
 
 
Øvre Årdal sokn Årdal prestegjeld Indre Sogn 1970
Feios kyrkje   Feios Vik kommune
 
 
Feios sokn Vik prestegjeld Indre Sogn 1866
Fet kyrkje   Indre Hafslo Luster kommune
 
 
Fet og Joranger sokn Jostedal prestegjeld Indre Sogn 1894
Fjærland kyrkje   Mundal Sogndal kommune
 
 
Fjærland sokn Sogndal prestegjeld Indre Sogn 1861
Florø kyrkje   Florø Flora kommune
 
 
Kinn sokn Kinn prestegjeld Sunnfjord 1882
Flåm kyrkje   Flåm Aurland kommune
 
 
Flåm sokn Aurland prestegjeld Indre Sogn 1670
Folkestad bedehuskapell   Våge Fjaler kommune
 
 
Fjaler sokn Fjaler prestegjeld Sunnfjord 1940
Fortun kyrkje   Fortun Luster kommune
 
 
Fortun sokn Luster prestegjeld Indre Sogn 1879
Fresvik kyrkje   Fresvik Vik kommune
 
 
Fresvik sokn Vik prestegjeld Indre Sogn 1881
Frøya kyrkje Frøya Bremanger kommune
 
 
Frøya sokn Bremanger prestegjeld Nordfjord 1865
Førde kyrkje   Førde Førde kommune
 
 
Førde sokn Førde prestegjeld Sunnfjord 1885
Gaupne kyrkje   Gaupne Luster kommune
 
 
Gaupne sokn Jostedal prestegjeld Indre Sogn 1907
Gaupne gamle kyrkje   Gaupne Luster kommune
 
 
Fortidsminneforeninga 1652, ca.
Gimmestad kyrkje   Gimmestad Gloppen kommune
 
 
Gimmestad sokn Gloppen prestegjeld Nordfjord 1910
Gimmestad gamle kyrkje   Gimmestad Gloppen kommune
 
 
Gimmestad sokn Gloppen prestegjeld Nordfjord 1692
Guddal kyrkje   Guddal Fjaler kommune
 
 
Fjaler sokn Fjaler prestegjeld Sunnfjord 1870
Gulen kyrkje   Eivindvik Gulen kommune
 
 
Gulen sokn Gulen prestegjeld Nordhordland 1863
Hafslo kyrkje   Hafslo Luster kommune
 
 
Hafslo sokn Hafslo prestegjeld Indre Sogn 1878
Hauge kyrkje   Lærdalsøyri Lærdal kommune
 
 
Hauge sokn Lærdal prestegjeld Indre Sogn 1869
Haukedalen kyrkje   Haukedalen Førde kommune
 
 
Holsen og Haukedalen sokn Førde prestegjeld Sunnfjord 1885
Heggjabygda kyrkje   Heggjabygda Eid kommune
 
 
Eid sokn Eid prestegjeld Nordfjord 1936
Helgheim kyrkje   Helgheim Jølster kommune
 
 
Helgheim sokn Jølster prestegjeld Sunnfjord 1877
Hellevik bedehuskapell   Hellevik Fjaler kommune
 
 
Fjaler sokn Fjaler prestegjeld Sunnfjord 1978
Hersvik kyrkje Hersvikbygda Solund kommune
 
 
Solund sokn Solund prestegjeld Nordhordland 1891
Hestad kapell   Øyratangen Gaular kommune
 
 
Fortidsminneforeninga 1805
Holmedal kyrkje   Holmedal Askvoll kommune
 
 
Askvoll sokn Askvoll prestegjeld Sunnfjord 1868
Holsen kyrkje   Holsen Førde kommune
 
 
Holsen og Haukedalen sokn Førde prestegjeld Sunnfjord 1861
Hopperstad stavkyrkje   Vik Vik kommune
 
 
Fortidsminneforeninga 1140 , ca.
Hornindal kyrkje   Grodås Hornindal kommune
 
 
Hornindal sokn Hornindal prestegjeld Nordfjord 1856
Hove kyrkje   Vik Vik kommune
 
 
Den norske staten
v/Miljøverndepartementet
1170, ca.
Husøy kyrkje Straumen Solund kommune
 
 
Solund sokn Solund prestegjeld Nordhordland 1896
Hyen kyrkje   Hyen Gloppen kommune
 
 
Hyen sokn Gloppen prestegjeld Nordfjord 1876
Hyllestad kyrkje   Hyllestad Hyllestad kommune
 
 
Hyllestad sokn Hyllestad prestegjeld Sunnfjord 1880
Høyanger kyrkje   Høyanger Høyanger kommune
 
 
Høyanger sokn Lavik prestegjeld Sunnfjord 1960
Innvik kyrkje   Innvik Stryn kommune
 
 
Innvik sokn Innvik prestegjeld Nordfjord 1824
Joranger kyrkje   Indre Hafslo Luster kommune
 
 
Fet og Joranger sokn Jostedal prestegjeld Indre Sogn 1620, ca.
Jostedal kyrkje   Jostedal Luster kommune
 
 
Jostedal sokn Jostedal prestegjeld Indre Sogn 1660, ca.
Kaupanger stavkyrkje   Kaupanger Sogndal kommune
 
 
Kaupanger sokn Sogndal prestegjeld Indre Sogn 1140, ca.
Kinn kyrkje   Kinn Flora kommune
 
 
Kinn sokn Kinn prestegjeld Sunnfjord 1160, ca.
Kjølsdalen kyrkje   Kjølsdalen Eid kommune
 
 
Eid sokn Eid prestegjeld Nordfjord 1940
Kvammen kapell   Kvammen Askvoll kommune
 
 
Askvoll sokn Askvoll prestegjeld Sunnfjord 1977
Kvamsøy kyrkje   Kvamsøya Balestrand kommune
 
 
Balestrand sokn Balestrand prestegjeld Indre Sogn 1300, ca.
Kyrkjebø kyrkje   Kyrkjebø Høyanger kommune
 
 
Kyrkjebø sokn Lavik prestegjeld Sunnfjord 1869
Lavik kyrkje   Lavik Høyanger kommune
 
 
Lavik sokn Lavik prestegjeld Sunnfjord 1865
Leikanger kyrkje i Nordfjord   Leikanger i Selje Selje kommune
 
 
Leikanger sokn i Nordfjord Selje prestegjeld Nordfjord 1866
Leikanger kyrkje i Sogn   Leikanger Leikanger kommune
 
 
Leikanger sokn i Sogn Leikanger prestegjeld Indre Sogn 1250, ca.
Ljosheim kapell   Oldedalen Stryn kommune
 
 
Olden sokn Innvik prestegjeld Nordfjord 1935
Loen kyrkje   Loen Stryn kommune
 
 
Loen sokn Stryn prestegjeld Nordfjord 1838
Midtgulen kyrkje   Kjelkenes Bremanger kommune
 
 
Midtgulen sokn Davik prestegjeld Nordfjord 1904
Mjømna kyrkje   Mjømna Gulen kommune
 
 
Mjømna sokn Gulen prestegjeld Nordhordland 1901
Naustdal kyrkje   Naustdal Naustdal kommune
 
 
Naustdal sokn Førde prestegjeld Sunnfjord 1891
Nedstryn kyrkje   Stryn Stryn kommune
 
 
Nedstryn sokn Stryn prestegjeld Nordfjord 1859
Nes kyrkje   Nes Luster kommune
 
 
Nes sokn Luster prestegjeld Indre Sogn 1836
Nord-Vågsøy kyrkje   Raudeberg Vågsøy kommune
 
 
Vågsøy sokn Vågsøy prestegjeld Nordfjord 1960
Nordal kyrkje   Norddalsfjord Flora kommune
 
 
Nordal sokn Kinn prestegjeld Sunnfjord 1898
Nordsida kyrkje   Roset Stryn kommune
 
 
Nordsida sokn Hornindal prestegjeld Nordfjord 1973
Olden kyrkje   Olden Stryn kommune
 
 
Olden sokn Innvik prestegjeld Nordfjord 1934
Olden gamle kyrkje   Olden Stryn kommune
 
 
Olden sokn Innvik prestegjeld Nordfjord 1759
Oppstryn kyrkje   Fosnes Stryn kommune
 
 
Oppstryn sokn Stryn prestegjeld Nordfjord 1863
Ortnevik kyrkje Ortnevik Høyanger kommune
 
 
Bjordal og Ortnevik sokn Lavik prestegjeld Sunnfjord 1925
Randabygd kyrkje   Randabygda Stryn kommune
 
 
Randabygd sokn Hornindal prestegjeld Nordfjord 1916
Rugsund kyrkje   Rugsund Bremanger kommune
 
 
Rugsund sokn Davik prestegjeld Nordfjord 1838
Sandane kyrkje   Sandane Gloppen kommune
 
 
Vereide sokn Gloppen prestegjeld Nordfjord 1997
Sande kyrkje   Sande Gaular kommune
 
 
Sande sokn Gaular prestegjeld Sunnfjord 1864
Selje kyrkje   Selje Selje kommune
 
 
Selje sokn Selje prestegjeld Nordfjord 1866
Solund kyrkje Hardbakke Solund kommune
 
 
Solund sokn Solund prestegjeld Nordhordland 1860
Solvorn kyrkje   Solvorn Luster kommune
 
 
Solvorn sokn Hafslo prestegjeld Indre Sogn 1883
Stavang kyrkje   Stavang Flora kommune
 
 
Bru sokn Kinn prestegjeld Sunnfjord 1957
Stedje kyrkje   Stedje Sogndal kommune
 
 
Stedje sokn Sogndal prestegjeld Indre Sogn 1867
Stongfjorden bedehuskapell   Stongfjorden Askvoll kommune
 
 
Askvoll sokn Askvoll prestegjeld Sunnfjord 1914
Stårheim kyrkje   Stårheim Eid kommune
 
 
Stårheim sokn Eid prestegjeld Nordfjord 1864
Svelgen kapell   Svelgen Bremanger kommune
 
 
Midtgulen sokn Davik prestegjeld Nordfjord 1960
Sæle kyrkje   Sæle Balestrand kommune
 
 
Balestrand sokn Balestrand prestegjeld Indre Sogn 1903
Sør-Vågsøy kyrkje   Måløy Vågsøy kommune
 
 
Vågsøy sokn Vågsøy prestegjeld Nordfjord 1907
Tjugum kyrkje   Tjugum Balestrand kommune
 
 
Balestrand sokn Balestrand prestegjeld Indre Sogn 1863
Totland kyrkje   Totland Vågsøy kommune
 
 
Vågsøy sokn Vågsøy prestegjeld Nordfjord 1912
Tønjum kyrkje   Tønjum Lærdal kommune
 
 
Tønjum sokn Lærdal prestegjeld Indre Sogn 1832
Undredal stavkyrkje   Undredal Aurland kommune
 
 
Undredal sokn Aurland prestegjeld Indre Sogn 1150, ca. (svært usikkert)
Urnes stavkyrkje   Ornes Luster kommune
 
 
Fortidsminneforeninga 1130, ca.
Utvik kyrkje   Utvik Stryn kommune
 
 
Utvik sokn Innvik prestegjeld Nordfjord 1840
Vadheim bedehuskapell   Vadheim Høyanger kommune
 
 
Kyrkjebø sokn Lavik prestegjeld Sunnfjord 1954
Vangen kyrkje   Aurlandsvangen Aurland kommune
 
 
Vangen sokn Aurland prestegjeld Indre Sogn 1200, ca.
Vangsnes kyrkje   Vangsnes Vik kommune
 
 
Vangsnes sokn Vik prestegjeld Indre Sogn 1861
Vassenden kapell   Vassenden Jølster kommune
 
 
Ålhus sokn Jølster prestegjeld Sunnfjord 2002
Veitastrond kapell   Veitastrond Luster kommune
 
 
Hafslo sokn Hafslo prestegjeld Indre Sogn 1935
Vereide kyrkje   Vereide Gloppen kommune
 
 
Vereide sokn Gloppen prestegjeld Nordfjord 1160, ca. (noko usikkert)
Vevring kyrkje   Vevring Naustdal kommune
 
 
Vevring sokn Førde prestegjeld Sunnfjord 1846
Vik kyrkje   Vik Vik kommune
 
 
Vik sokn Vik prestegjeld Indre Sogn 1877
Viksdalen kyrkje   Viksdalen Gaular kommune
 
 
Viksdalen sokn Gaular prestegjeld Sunnfjord 1848
Vilnes kyrkje   Atløy Askvoll kommune
 
 
Askvoll sokn Askvoll prestegjeld Sunnfjord 1674
Værlandet bedehuskapell   Værlandet Askvoll kommune
 
 
Askvoll sokn Askvoll prestegjeld Sunnfjord 1960
Ølmheim kyrkje   Ylmeim Sogndal kommune
 
 
Norum sokn Sogndal prestegjeld Indre Sogn 1863
Øn kyrkje   Sørbøvåg Hyllestad kommune
 
 
Hyllestad sokn Hyllestad prestegjeld Sunnfjord Sogn 1958
Ålfoten kyrkje   Ålfoten Bremanger kommune
 
 
Ålfoten sokn Davik prestegjeld Nordfjord 1610, ca.
Ålhus kyrkje   Ålhus Jølster kommune
 
 
Ålhus sokn Jølster prestegjeld Sunnfjord 1795
Årdal kyrkje   Årdalstangen Årdal kommune
 
 
Nedre Årdal sokn Årdal prestegjeld Indre Sogn 1867

Kjelder endre

  • Aaraas, Margrethe Henden m. fl. : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - Nordfjord og Sunnfjord – Selja Forlag, 2000 – ISBN 82-91722-13-7
  • Aaraas, Margrethe Henden m. fl. : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - Sogn – Selja Forlag, 2000 – ISBN 82-91722-14-5

Fotnotar endre

  1. Ordninga med prestegjeld vart fasa ut frå 2004

Bakgrunnsstoff endre