Bølgjeblekk

(Omdirigert frå Bylgjeblekk)

Bølgeblekk er valsa jernplater med langsgåande bølgjemønster eller trapesforma profil. Platene er påført eit tynt lag med sink ved hjelp av elektrolyse eller varmgalvanisering.

Skott med raudmåla bølgjeblekk på sørveggen og svartmåla bølgjeblekk på taket

Bølgjeblikk vart oppfunne i Tyskland i 1840-åra. Det vart importert til Noreg frå slutten av 1800-talet. Bølgjeforma aukar bøyemotstanden vesentleg og gjer platene høvelege til taktekking og veggkleding på lette skjelettkonstruksjonar. Platene veg lite, dei er vasstette, rustbestandige, forholdsvis lette å skjere til og lette å transportere.

Bølgjelengda har variert, men er vanlegvis rundt 3" eller 7,5 cm. Skruar eller spiker for feste til berekonstruksjonen vert plasserte på ein bølgjetopp for å hindre vatn i å trengje inn. Platene er vanlegvis 0,5 til 0,6 mm tjukke.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.