Bymarka

Bymarka er eit skogområde vest for Trondheim. Med ei flatevidd på 80 km² er ho den største og samstundes den mest populære utfartsstaden i Trondheim. Bymarka ligg på Byneshalvøya, og er hovudsakleg samansett av Trondheim bymark, Leinstrandmarka og Bynesmarka.

Området har eit svært variert turterreng – frå tette granskogar via vekslande skog- og myrterreng til snaufjell over tregrensa (om lag 450 moh).

HistorieEndra

Olav Tryggvason gav Bymarka i gåve til innbyggjarane i Trondheim i år 997.

Fredrik von der Lippe, tidlegare sjef for Trondheim Kommuneskogar, lanserte dette slagordet for friluftsbruken av Bymarka: «Her er du alltid velkommen når ingen kan sjå at du har vore der!».

GeografiEndra

Fjell over 400 moh.Endra

  • 565 moh. Storheia
  • 537 moh. Bosbergheia
  • 492 moh. Litlheia
  • 463 moh. Stadsheia
  • 461 moh. Elsetheia
  • 458 moh. Herbernheia
  • 446 moh. Vintervasshøgda
  • 437 moh. Bykleivåsen
  • 416 moh. Geitfjellet
  • 415 moh. Hoåsen
  • 400 moh. Revfjellet

Serveringsstader i BymarkaEndra

  • Skistua
  • Elgsethytta
  • Grønlia
  • Estenstadhytta
  • Rønningen
  • Lavollen
  • Damhaugen
  • Sparebank1-hytta