Bystrytsia
elv i Ukraina
Bystrytsia (ukrainsk Бистриця; russisk Быстрица, Bystritsia; polsk Bystrzyca) er ei elv, ei høgre sideelv til Dnestr som renn gjennom Ukraina. Den øvre delen av Bystrytsia er delt i to delar: Bystrytsia-Solotvynska (ukrainsk Бистриця Солотвинська; tidleagre polsk Złota Bystrzyca) og Bystrytsia-Nadvirnjanska (tidlegare polsk Czarna Bystrzyca). Bystrytsja-Nadvirnjanska er ei typisk fjellelv og er 94 km lang med eit nedslagsfelt på 1580 km², og Bystrytsia-Solotvynska har ei lengd på 82 km og eit nedslagsfelt på 795 km²
Bystrytsia | |||
Bystrytsia-Solotvynska, Bystrytsia-Nadvirnjanska | |||
elv | |||
Bystrytsia nær Jezupil
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 375 km² | ||
Lengd | 183 km | ||
Kjelde | Ivano-Frankivsk oblast | ||
Munning | Dnestr | ||
Bystrytsia 48°57′39″N 24°44′25″E / 48.9608°N 24.7403°E | |||
Wikimedia Commons: Bystrytsia River |
Begge greinene spring ut i Gorganyfjella i Karpatane i Ivano-Frankivsk oblast. Ved byen Ivano-Frankivsk renn dei to elvane saman, og renn så 17 km sør for Halytsj nær byen Jezupil, der ho munnar ut i Dnestr.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bystrytsia River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2012.