Bystrytsia

elv i Ukraina
(Omdirigert frå Bystrytsiaelva)

Bystrytsia (ukrainsk Бистриця; russisk Быстрица, Bystritsia; polsk Bystrzyca) er ei elv, ei høgre sideelv til Dnestr som renn gjennom Ukraina. Den øvre delen av Bystrytsia er delt i to delar: Bystrytsia-Solotvynska (ukrainsk Бистриця Солотвинська; tidleagre polsk Złota Bystrzyca) og Bystrytsia-Nadvirnjanska (tidlegare polsk Czarna Bystrzyca). Bystrytsja-Nadvirnjanska er ei typisk fjellelv og er 94 km lang med eit nedslagsfelt på 1580 km², og Bystrytsia-Solotvynska har ei lengd på 82 km og eit nedslagsfelt på 795 km²

Bystrytsia
Bystrytsia-Solotvynska, Bystrytsia-Nadvirnjanska
elv
Bystrytsia nær Jezupil
Land  Ukraina
Nedslagsfelt 2 375 km²
Lengd 183 km
Kjelde Ivano-Frankivsk oblast
Munning Dnestr
Kart
Bystrytsia
48°57′39″N 24°44′25″E / 48.9608°N 24.7403°E / 48.9608; 24.7403
Wikimedia Commons: Bystrytsia River

Begge greinene spring ut i Gorganyfjella i Karpatane i Ivano-Frankivsk oblast. Ved byen Ivano-Frankivsk renn dei to elvane saman, og renn så 17 km sør for Halytsj nær byen Jezupil, der ho munnar ut i Dnestr.

Kjelder

endre