C++

Programmeringsspråk

C++ er eit programmeringsspråk som vart vidareutvikla frå programmeringsspråket C av Bjarne Stroustrup tidleg på 1980-talet. I motsetjing til C, støttar C++ objektorientert programmering. Ein kan då gruppere variablar og prosedyrer i klassar. Vidare kan ein definere objekt av klassen. Som i dei fleste andre objektorienterte programmeringsspråk kan ein klasse arve eigenskapar frå ein annan klasse. C++ er eit såkalla multiparadigme-programmeringspråk, det vil seie at ein kan kombinere ulike måter å programmere på, til dømes objektorientert programmering, generisk programmering, prosedyreorientert programmering, og til ein viss grad funksjonell programmering.

DømeEndra

Eksempelet nedanfor skriv Hallo! på skjermen. Deklarasjonsfila <iostream> må inkluderast for at ein skal kunne nytte straumen cout. Det er ei rekkje slike filer som må inkluderast etter kva ein treng. Utskrifta vert gjort i funksjonen main som også returnerer heiltalet 0, som fortel at programmet er køyrt utan feil (det kunne òg ha returnert feilkodar som identifiserer feilårsak).

# include <iostream> // nødvendig for å nytte straumen cout
int main()
{ 
  std::cout << "Hallo!\n";
  return 0;
}

eller:

# include <iostream>
using namespace std;
 
int main()
{ 
   cout << "Hallo!\n";
   return 0;
}