Cërrik
Frå sentrum av Cërrik
Frå sentrum av Cërrik
Byvåpenet til Cërrik
Byvåpenet til Cërrik
Styresmakter
Land
Region
Albania
Elbasan
Geografi
Flatevidd
 - By

190 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

27 445[1]
Koordinatar 41°1′54″N 19°58′31″EKoordinatar: 41°1′54″N 19°58′31″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Cërrik kommune innafor regionen Elbasan
Cërrik kommune innafor regionen Elbasan

Cërrik er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i sørvest til regionen Berat.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Cërrik vart slått saman med landkommunane Gostimë, Mollas, Shalës og Klos.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Cërrik 6 695 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Cërrik, til saman hadde 27 445 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndelingEndra

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Cërrik ein del av distriktet Elbasan.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Cërrik.[2]

ReferansarEndra