Opna hovudmenyen

Côtes-d'Armor

franske departement
Côtes-d'Armor
Våpenskjoldet til Côtes-d'Armor
Plassering
Plasseringa til Côtes-d'Armor i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 22
Region: Bretagne
Préfecture: Saint-Brieuc
Sous-préfectures: Dinan
Guingamp
Lannion
Arrondissement: 4
Kantonar: 52
Kommunar: 373
Président du conseil général: Claudy Lebreton
Statistikk
Folketal Rangering 43.
 -1999 542 373
Folketettleik: 79/km²
Landareal¹: 6 878 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Côtes-d'Armor (bretonsk:Aodoù-an-Arvor) er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg nord i regionen Bretagne.

HistorieEndra

Côtes-du-Nord var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne. Namnet vart endra i 1990 til Côtes-d'Armor (ar mor tyder havet på bretonsk). Namnet har òg ein historisk samanheng til minne om den romerske provinsen Armorica.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Finistère, Morbihan og Ille-et-Vilaine, med Den engelske kanalen i nord.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla costarmoricains.

KulturEndra

Det har vore spente debattar om det bretonske språket i mange delar av Bretagne, og mange som brukar bretonsk vil ha tospråklege skular. Gallo vert òg snakka i aust og mange skular har tilbod om språket, i tillegg til universitetsgrader i det.

BakgrunnsstoffEndra