Ille-et-Vilaine
Ille-et-Vilaine | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Ille-et-Vilaine | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 35 |
Region: | Bretagne |
Préfecture: | Rennes |
Sous-préfectures: | Fougères Redon Saint-Malo |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 53 |
Kommunar: | 352 |
Président du conseil général: | Jean-Louis Tourenne |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 23. |
-2003 | 903 400 |
Folketettleik: | 133/km² |
Landareal¹: | 6 775 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Ille-et-Vilaine (Il-ha-Gwilen på bretonsk) er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne.
HistorieEndra
Ille-et-Vilaine er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.
GeografiEndra
Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Manche, Mayenne, Maine-et-Loire, Loire-Atlantique, Morbihan og Côtes-d'Armor, i tillegg til Den engelske kanalen i nord.
Store elvar som renn gjennom departementet er Ille, Vilaine, Rance og Couesnon.
DemografiEndra
Folkesetnaden i departementet har vokse dei siste tiåra, og er no estimert til over 900 000. Med dagens vekst er det venta at ein passerer 1 million innbyggjarar i 2015.
KulturEndra
Gallo er eit historisk minoritetsspråk som vert snakka aust i Bretagne. Gallo og bretonsk vert begge studert ved universitetet i Rennes.
BakgrunnsstoffEndra
- Prefekturet i Finistère
- Conseil général i Finistère
- Kulturarv Arkivert 2007-05-25 ved Wayback Machine.
- Byen Rennes Arkivert 2007-06-30 ved Wayback Machine.