Călin Popescu-Tăriceanu
rumensk politikar, ingeniør og diplomat
Călin Constantin Anton Popescu-Tăriceanu (fødd 14. januar 1952), er ein rumensk politikar som var statsminister i Romania frå 24. desember 2004 til 22. desember 2008. Han leiar det liberale partiet Partidul Naţional Liberal (Det nasjonalliberale partiet), som stilte til val ved parlamentsvalet i 2004 i allianse med det konservative partiet Partidul Democrat (Det demokratiske partiet).
Călin Popescu-Tăriceanu | |||
| |||
Fødd | 14. januar 1952 (72 år) București | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Romania | ||
Yrke | politikar, ingeniør, diplomat, adjunkt | ||
Utdanna ved | Universitatea Tehnică de Construcții din București Bukarests universitet | ||
Verv | Statsminister i Romania 2004-2008 | ||
Føregangar | Adrian Năstase | ||
Etterfylgjar | Emil Boc | ||
Alle verv |
|
I april 2007 braut Popescu-Tăriceanu samarbeidet med Det demokratiske partiet, og danna ei minoritetsregjering saman med Den demokratiske unionen av ungararar i Romania (Romániai Magyar Demokrata Szövetség/Uniunea Democrată Maghiară din România). Den nye regjeringa fekk støtte i parlamentet av det sosialdemokratiske partiet, Partidul Social Democrat.