Emil Boc

rumensk politikar

Emil Boc (fødd 6. september 1966) er ein rumensk politikar som var statsminister i Romania frå 22. desember 2008 til 6. februar 2012. Han er partileiar for Det liberaldemokratiske partiet (Partidul Democrat Liberal), som er rekna som liberalkonservativt.

Emil Boc

Fødd6. september 1966 (57 år)
Mărgău
Statsborgar avRomania
Yrkepolitikar, advokat, samfunnsøkonom
Utdanna vedBabeș-Bolyai-universitetet
Université libre de Bruxelles
VervStatsminister i Romania 2008-2012
FøregangarCălin Popescu-Tăriceanu
EtterfylgjarCătălin Predoiu (fungerande)
Alle verv
  • mayor of Cluj-Napoca (2012–2016)
  • mayor of Cluj-Napoca (2020–) Sjå dette på Wikidata

Boc vart fødd i Răchiţele i Cluj fylke. Han studerte historie, filosofi og jus i Cluj-Napoca. I juni 2004 vart han vald som ordførar i Cluj-Napoca, den største byen i Transilvania. Det same året vart han partileiar. I 2008 vart han gjenvald som ordførar.

Ved parlamentsvalet 30. november 2008 vart Det liberaldemokratiske partiet det største partiet i parlamentet og fekk 32,4 % av stemmene. Partiet fekk i oppdrag å danna ei koalisjonsregjering med det sosialdemokratiske partiet (Partidul Social Democrat) under Liberaldemokratane sin statsministerkandidat Theodor Stolojan, men Stolojan trekte seg overraskande og overlet oppdraget til den yngre partifellen sin, Emil Boc, som vart statsminister 22. desember 2008.

6. februar 2012 gjekk Boc av som statsminister etter omfattande demonstrasjonar i protest mot store nedskjeringar.

Emil Boc gifta seg med Oana i 1994, og dei har to døtrer.