Opna hovudmenyen

C-type-asteroidar er karbonhaldige asteroidar. Dei er den mest vanlege asteroidetypen og utgjer 75 % av alle kjente asteroidar. I det ytre av hovudbeltet utanfor 2,7 AE utgjer dei ein enda større del. Mengda av C-type-asteroidar kan vera større sidan C-typen er mykje mørkare enn dei fleste andre asteroidar bortsett frå D-typen samt andre typar som berre er vanlege i det aller yttarste av hovudbeltet.

Innhaldsliste

KarakteristikaEndra

Denne typen asteroidar har like spektra til karbonkondrittmeteorittar (type CI og CM) som har ein samansetning lik den som Sola har og det den primitive soltåka hadde, bortsett i frå at dei ikkje inneheld hydrogen, helium og andre flyktige stoff. Hydrerte (vassinnehaldande) mineral er identifiserte.

C-type-asteroidar er ekstremt mørke med albedoar typisk mellom 0,03 og 0,10. Mens eit større nummer av S-typar kan normalt sjåast med kikkert ved opposisjon, vil sjølv dei største C-typane krevja eit lite teleskop for å kunne sjåast. Den potensielt lysaste C-type-asteroiden er 324 Bamberga, men asteroiden har ein svært høg eksentrisitet slik at den sjeldan når høgaste magnitude.

Spektraa til C-typen inneheld moderat-sterk ultrafiolettabsorpsjon ved bølgjelengder under omtrent 0,4 μm til 0,5 μm, mens ved lengre bølgjelengder er dei stort sett trekklause og lett raudleg. Det såkalla vassabsorpsjonstrekket rundt 3 μm, som indikerer vassinnhald i minerala, er identifisert.

Den største C-type-asteroiden er 10 Hygiea, men SMASS-klassifiseringa plasserer den største asteroiden og asteroidebeltets einaste dvergplanet Ceres i C-kategorien av di den klassifikasjonen ikkje har ein G-type.


C-gruppe-asteroidarEndra

Sjå òg asteroidespektralklassar.

Tholen-C-gruppeEndra

I Tholen-klassifiseringa er C-typen plassert i lag med tre mindre talrike typar i ein breiare C-gruppe av karbonhaldige asteroidar:

SMASS-C-gruppeEndra

I SMASS-klassifiseringa inneheld den breiare C-gruppa dei følgjande typane:

  • B-type
  • kjerne-C-type – dei mest typiske C-type-asteroidane
  • Cg- og Cgh-type – to typar som korresponderer med Tholen-G-type
  • Ch-type – ein type med eit absorpsjonstrekk rundt 0.7 μm
  • Cb-type – ein overgangstype mellom SMASS-C- og B-type