Opna hovudmenyen

Carl Axel Magnus Lindman

(Omdirigert frå C.A.M. Lindman)

Carl Axel Magnus Lindman (6. april 18511928) var ein svensk botanikar.

Carl Axel Magnus Lindman
Carl axel magnus lindman.jpg
Fødd6. april 1856
Halmstad
Død21. juni 1928
Adolf Fredriks församling
NasjonalitetSverige
Områdebotanikk
Yrkebotanisk illustratør, karsporeplanteekspert, botanikar, universitetslærar
InstitusjonarUppsala universitet
Naturhistoriska riksmuseet
Alma materUppsala universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

C.A.M. Lindman tok studenteksamen i 1874 og studerte botanikk og zoologi ved Uppsala universitet. Her vart han dosent i 1884 og tok doktorgrad i 1886. Han vart intendent og professor på den botaniske avdelinga på det svenske Riksmuseet.

Lindman utgav 1901-1905 Bilder ur Nordens flora. Verket bygde på dei gamle koparplatene Johan Wilhelm Palmstruch lagde til Svensk Botanik. Til andre utgåve (1917) gjorde Lindman sjølv 144 nye bilete.

Etter forskingsreiser i Sør-Amerika utgav Lindman Vegetationen i Rio Grande do Sul (1900). Han utgav òg ein Lärobok i botanik (1904) og Svensk fanerogamflora (1918). Han fann mange ubeskrivne planteartar og forfatta ei mengd vitskaplege artiklar.

Bilder ur Nordens flora vart utgjeven som ei nyutgåva av Magnus Fries på Wahlström & Widstrands bokförlag 1977-1978.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra