Koordinatar: 56°40′24.902″N 12°51′39.132″E

Halmstad
Land  Sverige
Areal 3 799 km²
Folketal 71 422 (31. desember 2020)
Kart
Halmstad
56°40′26″ N 12°51′26″ E
Wikimedia Commons: Halmstad
Halmstad cirka år 1700
Halmstad Trade Center
Utsikt frå Tradecenter
Terrassehus på Andersberg
Andersberg
Dalabergsvägen ute i Söndrum

Halmstad (tidlegare dansk Halmsted) er ein by i Hallands län sørvest i Sverige som ligg ved munningen av elva Nissan, der ho munnar ut i Kattegat. Han er residensstad for lenet og administrasjonssenter i Halmstads kommun. Halmstad har 55 688 innbyggjarar (2005) og er den 19. største tettstaden i Sverige.

Historie endre

Sjølve namnet opptrer første gong i forma Halmstæde i Valdemar Sejr si jordebok frå 1231, den gong som namnet på eit herad og ein kongsgard.

Frå eit pavebrev i 1264 kan ein sjå at Halmstad på det tidspunktet hadde eit dominikanarkloster. I andre dokument frå same periode blir innbyggjarane i Halmstad kalla borgarar, og det står at dei dreiv handel og eigde skip.

Dei første kjende kjøpstadsprivilegia er frå 1307, gjevne av kong Erik Menveds bror, den seinare Christoffer II, som var hertug av Halland.

Halmstad var kongressby i Kalmarunionen. Unionstraktaten inneheldt avgjersler om at kongeval skulle haldast i byen, og borgarane drøymde om at han skulle bli hovudstad i Norden. På 1430-talet blei byen herja og plyndra av svenske troppar under Engelbrekt. Sankt Nikolai kyrkje, er eit av få minnesmerke som står att frå mellomalderen.

I 1563 blei byen igjen kringsett av svenskane, men innbyggjarane forsvarte seg tappert, noko som fekk Frederik II til å løne dei med store jordeigedomar.

Christian IV har sett sitt preg på byen. Han var mykje i det danske Halland, og let mellom anna bygge festningsverk, samt Halmstad slott.

Slottet stod nesten ferdig i 1619, då Christian IV inviterte Gustav II Adolf til Halmstad. Det blei festa på slottet i sju dagar. Same år øydela ein brann byen, og Christian fekk høvet til å gjere Halmstad til ein moderne renessanseby med rette gater og regelmessige bykvarter.

I følgje den andre freden i Brømsebro fekk Sverige Halland som pant i 30 år, og i Roskildefreden blei avståinga definitiv. I 1676 stod slaget ved Halmstad, der Karl XI sigra over den dansk-norske hæren.

På 1800-talet blei byen på grunn av sjøfart og industri ein av dei raskast veksande i Sverige.

Sjå òg endre

Folk frå Halmstad endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre