Campi Flegrei, òg kalla Den flegreiske sletta, er ein stor og vid kaldera vest for Napoli i Italia. I dag ligg det meste av området under vatn, men inkluderer byen Pozzuoli og vulkanen Solfatara, som er den mytologiske heimstaden til den romerske eldguden Vulcanus. Ein meiner at kalderaen oppstod som følgje av to store hendingar. Den første skjedde for om lag 40 000 år sidan og spydde ut 200 km³ med magma som produserte campaniansk ignimbritt. For om lag 12 000 år sidan oppstod eit anna stort utbrot som danna ein mindre kaldera inni den store, sentrert rundt byen Pozzuoli. Denne hendingar produserte den gule napolitanske tuffbergarten.

Campi Flegrei
fjell
Satellittbilete av Campi Flegrei
Land  Italia
Fjelltype Kaldera
Høgd 458 moh moh.
Bergartar frå 40 000 år
Siste utbrot 1538
Koordinatar 40°50′N 14°08′E / 40.833°N 14.133°E / 40.833; 14.133
Kart
Campi Flegrei
40°49′37″N 14°08′20″E / 40.827°N 14.139°E / 40.827; 14.139
Wikimedia Commons: Campi Flegrei
Svovel ved Solfatara-krateret

Området var kjend for dei gamle grekarane som hadde ein koloni i nærleiken ved Cumae.

Kalderaen som i dag om lag ligg ved havnivå kan ein nå til fots. Det inneheld mange fumaroler, der det kjem ut damp, og mange pyttar med kokande gjørme. Ein finn fleire kjegler og tuffkrater inne i kalderan. Eit av desse kratera er fylt med vatn og har danna Avernosjøen. I 1538 førte eit åtte dagar langt utbrot til at det vart danna ein ny ås, Monte Nuovo ('nytt fjell').

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre