Canadair North Star
Canadair North Star, òg kjend som Argonaut var eit candisk passasjar- og fraktfly. Det var utvikla på 1940-talet frå Douglas DC-4.[1]
DC-4 versus North Star
endreDen vesentlege endringa som vart gjort var at stjernemotorane vart bytte ut med Rolls-Royce Merlin rekkjemotorar for å kunna oppnå høgare fart. Flyet fekk då òg høgare marsjfart, på 523 km/t.[2] samanlikna med 365 km/t hjå Douglas DC-4. Prototypen flaug fyrste gong den 15. juli 1946. North Star vart vald av fleire selskap, såvel som det canadiske flyvåpenet RCAF. Flyet var i teneste gjennom heile 50-talet til langt ut i 60-åra. Enkelte var enno i drift som reine fraktfly opp til 1980-åra.[treng kjelde][3]
Flytypen i bruk
endreFlyet vart fyrst og fremst brukt i Canada og England, av dei to canadiske selskapa Trans-Canada Air Lines, Canadian Pacific Air Lines og dessutan det canadiske flyvåpenet. På eksportmarket vart flyet kjøpt av det britiske BOAC og East African Airways.[treng kjelde]
Flyet vart bygd i fleire variantar i tilsaman 71 eksemplar, med og utan trykk-kabin. Det britiske selskapet overtok 20 som hadde trykk-kabin. Som BOAC-fly gjekk dei under namnet «Argonaut».[treng kjelde]
Det tidlegare danske charterselskapet Flying Enterprise overtok fem Argonauts frå BOAC]og brukte desse til chartertrafikk til middelhavsdestinasjoner i fem år til selskapet gjekk konkurs i 1965.[treng kjelde]
Spesifikasjonar
endre(DC-4-M2 North Star)
Dimensjonar
endre- Besetning: 7
- Kapasitet 44 passasjerar eller 5 216 kg. last
- Lengd: 28,89 m
- Vengespenn 35,8 m)
- Høgd 8,38 m
- Vengeflate 135,82 m²
- Vekt, tom: 19 731 kg
- Vekt lasta 33 112 kg
- Motorar: 4× Rolls-Royce Merlin 622 rekkjemotorar, 1 760 hk kvar
Ytingar
endre- Toppfart: 568 km/h
- Marsjfat: 282 knot sitt (325 mph, 523 km/h)
- Rekkjevidd 6 212 km
- Marsjhøgde: 10 970 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Canadair North Star» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2018.
- Fotnotar
- ↑ «Here and There: Merlin-engined Skymasters». Flight XLVI (1856): 60. 20 July 1944. Henta 29. november 2017.
- ↑ Pearl, Roy (25. mars 1948). «A Visitor's Impressions: Canada's Production and plans for the Future». Flight LIII (2048): 339–340.
- ↑ Airliner World