British Overseas Airways Corporation
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
British Overseas Airways Corporation (BOAC) var det statseigde britiske flyselskapet for langdistanseruter frå 1939 til 1946. Det vart oppretta som ei følgje av ei samanslutting mellom Imperial Airways og British Airways Ltd.
British Overseas Airways Corporation | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | aksjeselskap ![]() |
---|---|
Skipa | 1939 |
Bransje | lufttransport |
Hovudkontor | London, London lufthamn, Heathrow ![]() |
BOAC vart så slege saman med British European Airways i 1974 og danna British Airways.
HistorieEndra
Frå 1930-talet fram til november 1950 opererte Imperial Airways og deretter BOAC ruter med flybåtar frå Southampton til dei britiske koloniane i Afrika og Asia. Fly som Short Empire og Short S.8 Calcutta vart brukte til transport av passasjerar og post.
Under andre verdskrigen opererte BOAC ei rute mellom Leuchars i Skottland og Stockholm i Sverige for å frakta post, kulelager, diplomatar og norske flyktningar og sabotørar. Ei eiga avdeling var oppsett med norsk personell og med norske Lockheed Lodestar-fly. Elles var ruta oppsett med flytypane Lockheed Hudson og de Havilland Mosquito, og dessutan fleire andre typar i mindre omfang. Ruta gjekk under namnet Stockholmsruten.
Oppløysing og sammenslutningEndra
Ved eit parlamentsvedtak i 1946 vart BOAC omdanna til tre skilde selskap:
- BOAC – for Imperiet, Nord-Amerika og Den fjerne østen
- British European Airways (BEA)- for det europeiske og innanlandske rutenettet
- British South American Airways (BSAA) – for ruter til Sør-Amerika og Det karibiske hav (denne eininga vart i juli 1949 inkorporert i BOAC)
Introduksjonen av jetflyEndra
[[ Etter tekniske problem med Comet I gjenopptok BOAC jet-flyvninger med amerikanske Boeing 707.
I mai 1952 vart BOAC det første flyselskapet som tok i bruk jetfly til passasjertransport, med det nye De Havilland DH.106 Comet. Alle Comet-fly vart sett på bakken i april 1954 etter at 3 av BOAC sin cometar hadde styrta. Dei etterfølgjande havariundersøkingane slo fast at alle ulukkene vert skulda brist i flyet som følgje av materialtrøttleike etter mange gjentekne trykkforandringar under opp- og nedstiging.
Produsenten dei Havilland løyste til slutt problema og kom opp med ein forbetra versjon i 1958. Comet 4 og BOAC vart den første til å nytta jet mellom Europa og USA.
I 1956 kunngjorde BOAC at selskapet ville bestilte 15 amerikanskbygde fly av typen Boeing 707. Dette forårsaka eit ikkje lite politisk opprør i Storbritannia, noko som enda med at selskapet vart beordra til å kjøpa dei britiskbygde Vickers VC-10 i staden til trass for at VC-10 hadde høgare driftsomkostninger enn 707. Likevel vart enden på denne disputten at BOAC enda opp med å ta begge flytypar i bruk, og bestilte 17 eksemplar av ein forlengt versjon, Syp VC-10.
Seinare vart BOAC ein av dei største kundane hos Boeing utanfor Nord-Amerika. Den neste store ordren hos Boeing var for 11 747-100, og BOAC mottok sin første 747 den 22. april 1970. Men på grunn av ein aksjon sett i verk av British Air Line Pilot sin Association kunne ikkje flyet setjast i kommersiell drift før eitt år seinare, den 14. april 1971.
I 1962 stifta BOAC and Cunard «BOAC-Cunard Ltd» for å driva ruteflyging til Nord-Amerika, Det karibiske havet og Sør-Amerika. Samarbeidet med Cunard opphøyrde og rutene heldt fram som reine BOAC-ruter.
OppløysingEndra
Den 1. september 1972 vart «British Airways Board» danna for å kontrollera både BOAC og BEA, og den 31. mars 1974 vart begge selskap oppløyste og deres operasjonar slått saman i eitt selskap. British Airways vert danna.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «British Overseas Airways Corporation» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2018.