Cap de la Nau
Cap de la Nau, Cabo de la Nao på spansk, tyder «Skipsneset», er eit nes ved byen Xàbia i provinsen Alicante i Spania i Middelhavet. Det er det austlegaste punktet i Comunitat Valenciana. Neset er ei bratt klippe som hovudsakleg består av kalkstein. Det markerer det sørlegaste punktet i Valenciabukta.
Neset peikar utover havet mot øya Formentera i Balearane og er eit nyttig navigasjonsmerke. Under neset ligg ei stor grotte, Cova dels Orgues (eller Cueva de los Órganos på spansk) som ein berre kan nå frå sjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cap de la Nau» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2009.