José Raúl Capablanca

(Omdirigert frå Capablanca)

José Raúl Capablanca y Graupera (19. november 18888. mars 1942) var ein kubansk sjakkspelar. Han var den tredje verdsmeisteren i sjakk, frå 1921 til 1927.

José Raúl Capablanca

José Raúl Capablanca 1931.jpg

Statsborgarskap Cuba, Spania
Fødd 19. november 1888
Havanna
Død

8. mars 1942
New York by

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1939

Utmerkingar

Verdsmeisterskapen i sjakk

Capablanca til venstre mot Lasker til høgre, Moskva 1925

Capablanca vart verdsmeister ved å vinne tvikampen om VM-tittelen mot den førre verdsmeisteren Emanuel Lasker i 1921. Lasker meinte i 1920 at Capablanca var blitt alt for sterk for han, og gav opp VM-tittelen til fordel for Capablanca. Capablanca ville gjerne spele VM-kamp, og det gjekk Lasker med på, men insisterte på at Capablanca var verdsmeister og at han var utfordrar. Verdsmeisterskapen vart spela i Havana på Cuba, og etter 14 parti gav Lasker opp kampen. Då leia Capablanca med 4 sigrar og 10 remisar, ingen tap. Det skulle gå 79 år før nokon annan vann VM utan tap, til Vladimir Kramnik slo Garri Kasparov i London i 2000, med +2, =13, ingen tap.

Capablanca var svært vanskeleg å slå, og det var dermed ei stor overrasking at Alexandre Alekhine vann tvikampen om VM-tittelen i Buenos Aires i 1927. Kampen skulle gå til førstemann til 6 vinstar, og etter 34 parti vann Alekhine sitt 6. parti, då hadde Capablanca vunne 3 parti, 25 parti vart remis.

Capablanca forsøkte gjentatte gongar å få spele omkamp om VM-tittelen, men forhandlingane med Alekhine førte aldri til noko resultat.

Capablanca var eit sjakk-vedunderbarn, og slo mellom anna den cubanske meisteren i ein tvikamp berre 13 år gamal i desember 1901.

Capablanca døydde i 1943 i New York.

BakgrunnsstoffEndra