Cape Alexandra
Cape Alexandra er eit nes heilt nordvest på Sør-Georgia. Det vart kalla «Cape North» i 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook, men dette namnet har sidan vorte nytta om eit nes 10 nautiske mil aust-nordaust for det nordlegaste punktet på Sør-Georgia. Namnet Cape Alexandra går attende til kring 1912 og er til minne om dronning Alexandra, dronninga til kong Edward VII av Storbritannia.[1]
Cape Alexandra | |||
nes | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°0′S 38°0′W / 54.000°S 38.000°W | ||
Cape Alexandra 54°S 38°W / 54°S 38°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Alexandra, Cape». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 2. desember 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Alexandra, Cape» (innhald frå Geographic Names Information System).