Cape Calmette
Cape Calmette er eit nes heilt vest på ei klipperik halvøy på 625 moh på vestkysten av Graham Land ved sørsida av Calmette Bay. Det vart oppdaga i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, som frå avstand tok feil og trudde neset var ei øy. British Graham Land Expedition under Rymill, 1934–37, oppdaga at det var snakk om eit nes. Det vart namngjeve av Charcot etter Gaston Calmette, redaktør av Le Figaro, som gav Den franske antarktisekspedisjonen to årgangar av avisa som dei tok med seg på ekspedisjonen.[1]
Cape Calmette | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°4′S 67°13′W / 68.067°S 67.217°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape Calmette 68°04′00″S 67°13′00″W / 68.0667°S 67.2167°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Calmette, Cape». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 2. desember 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Calmette, Cape» (innhald frå Geographic Names Information System).