Opna hovudmenyen
Flyfoto av austenden av kanalen.

Cape Cod-kanalen (engelsk Cape Cod Canal) er ein menneskeskapt kanal i Massachusetts som dannar ei skipsrute frå Cape Cod-bukta i nord til Buzzards-bukta i sør. Kanalen er rundt 11 km lang, og er ein del av den 4 800 km lange sjøfartsruta Atlantic Intracoastal Waterway. Han gjer at fartøy kan unngå den 217 km lange vegen rundt Cape Cod, og har rundt 20 000 årlege brukarar.[1]

Oljepram og vegbru i Cape Cod-kanalen.

Kanalen opna ei kort tid i juli 1914, og var ferdigstilt i 1916. Kanalen avskar Cape Cod frå fastlandet slik at halvøya i røynda blei ei øy. To motorvegbruer, Bourne og Sagamore, og ei jernbanebru, Cape Cod Canal Railroad Bridge, kryssar kanalen.

Ein sterk straum går gjennom kanalen og byttar retning kvar sjette time. Han kan nå ein fart på over 8 km/t ved fjøre sjø.

KjelderEndra

  1. http://www.nae.usace.army.mil/recreati/ccc/education/ActivityBook.pdf
  • Massachusetts General Court, "Report of the Joint Committee of 1860 Upon the Proposed Canal to Unite Barnstable Bay and Buzzard's Bay", Boston : Wright & Potter, State Printers, pages 10–22, 1864.
  • Reid, William J. (August 1965). «The Military Value of the Cape Cod Canal». United States Naval Institute Proceedings. 

BakgrunnsstoffEndra