Cape Mayo
Cape Mayo er eit nes på austenden av eit flatt, isdekt platå på 500 m, som ligg mellom Cape Keeler og Miller Point på austkysten av Palmer Land. Det vart oppdaga av sir Hubert Wilkins på ein flytur, 20. desember 1928, og vart namngjeve av han etter William B. Mayo i Ford Motor Company. Det vart undersøkt grundigare for lufta av Lincoln Ellsworth i 1935, og frå fly og sledeturar langs denne kysten av medlemmar frå East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940.
Cape Mayo | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 68°54′S 63°23′W / 68.900°S 63.383°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape Mayo 68°54′00″S 63°23′00″W / 68.9°S 63.3833°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Mayo» (innhald frå Geographic Names Information System).