Cape Spencer-Smith
Cape Spencer-Smith er det nordlegaste neset i White Island i Ross Archipelago. Det vart namngjeve av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1958–59) etter Arnold P. Spencer-Smith, feltprest med Ross Sea Party under Endurance-ekspedisjonen (1914–17), som døydde 9. mars 1916 på attendereisa etter å ha lagt ut depot til Mount Hope for laget til Shackleton. Han leid av skjørbuk og måtte berast i 40 dagar på slede av resten av laget før han døydde. Mellom neset og Ross Island ligg Haskell Strait.
Cape Spencer-Smith | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 78°0′S 167°27′E / 78.000°S 167.450°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape Spencer-Smith 78°00′00″S 167°47′00″E / 78°S 167.78333333333°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Spencer-Smith» (innhald frå Geographic Names Information System).