Carchi (spansk uttale: [ˈkaɾtʃi]) er ein provins i Ecuador lengst nord i La Sierra-regionen, høglandet. Han grensar mot Sucumbíos i aust, Colombia i nord, mot Imbabura i sør, og mot Esmeraldas i vest. Hovudstaden er Tulcán.

Carchi
provins
Flagg
Land  Ecuador
Hovudstad Tulcán
Areal 3 780,45 km²
Folketal 172 828 (2022)[1]
Språk spansk
Kart
Carchiprovinsen
0°45′00″N 78°05′00″W / 0.75°N 78.083333333333°W / 0.75; -78.083333333333
Wikimedia Commons: Carchi Province

Carchi-elva har kjelda i skråningane av vulkanen Chiles og dannar grensa mellom Colombia og Ecuador nær byen Tulcan. Rumichaca-brua er den viktigaste landvegen mellom Colombia og Ecuador.

Provinsøkonomien er basert på industri- og landbruksproduksjon. Produkta inkluderer mellom anna potetar, mais, tobakk og meieriprodukt.[2]

Provinsen er delt inn i 6 kantonar, den mest folkerike kantonen er Tulcán i nordaust med over 100 000 innbyggjarar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023. 
  2. «ExploRed - ECUADOR online». explored.com.ec. Arkivert frå originalen 11. mai 2012. Henta 11. juni 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carchiprovinsen