Cardener
Cardener er ei elv i Catalonia i Spania. Ho spring ut frå Les Fonts del Cardener i kommunen La Coma i la Pedra (Solsonès) i ei høgd på 1050 meter over havet. Ho renn gjennom reservoar Sant Ponç (25 hm³) mellom Olius og Clariana de Cardener (Solsonès), Cardona, Súria og Manresa (Bages) før ho munnar ut i Llobregat frå venstre ved Castellgalí (Bages).
Cardener | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Lengd | 87 km | ||
Middelvassføring | 6,16 m³/s | ||
Kjelde | La Coma i la Pedra | ||
• høgd | 1 100 moh. | ||
Munning | Llobregat | ||
Cardener 42°10′54″N 1°34′44″E / 42.181581°N 1.578805°E | |||
Wikimedia Commons: Cardener River |