Caress of Steel
Caress of Steel Studioalbum av Rush | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. september 1975 | |
Innspelt | juni–juli 1975 | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock, heavy metal | |
Lengd | 44:51 | |
Selskap | Anthem (Canada) Atlantic (Japan) | |
Produsent | Rush og Terry Brown | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Rush-kronologi | ||
Fly by Night (1975) |
Caress of Steel | 2112 (1976)
|
Caress of Steel er det tredje studioalbumet frå det kanadiske progressive rockebandet Rush, utgjeve i september 1975.
Caress of Steel er det første Rush-albumet der dei har med ein 20-minuttar lang song, med handling, og delt opp i ulike delar. Albumet var meint å vere gjennombrotsalbumet til Rush, men diverre vart det ikkje slik. Eit skikkeleg gjennombrot fekk dei først med deira neste plate, 2112.
Det tredje albumet til Rush viser ein stil meir knytt til standard progressiv rock enn den dei hadde hatt frå før. Men likevel sit litt av den Led Zeppelin-inspirerte stilen att i songar som «I Think I'm Going Bald».
Eigenleg skulle coveret på albumet vere i sølv, for å få ein litt stålaktig farge på det. På grunn av ein utskriftsfeil av coveret vart sølvfargen erstatta med ein koparfarge. Ein liknande utskriftsfeil skjedde på det første albumet til Rush, Rush, der raudfargen som Rush-teksten på coveret skulle hatt, vart til rosa.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Alex Lifeson, Geddy Lee og Neil Peart.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Bastille Day» | 4:37 |
2. | «I Think I'm Going Bald» | 3:37 |
3. | «Lakeside Park» | 4:08 |
4. | «The Necromancer
| 12:30 |
5. | «The Fountain of Lamneth
| 19:58 |
Medverkande
endre- Geddy Lee - bassgitar og vokal
- Alex Lifeson - 6- og 12-strengs elektrisk og akustisk gitar, klassisk gitar, steelgitar
- Neil Peart - trommer, perkusjon, voiceover på "The Necromancer"
Salstrofé
endreLand | Organisasajon | Sal |
USA | RIAA | Gull (500 000)[4] |
Lister
endreAlbum - Billboard (North America)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1975 | Pop Albums | 148 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Caress of Steel» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Prato, Greg. Caress of Steel - Rush på Allmusic. Henta 30 mai 2012.
- ↑ «Rush Caress of Steel». Henta 12. september 2012.
- ↑ Thelen, Christopher (07/08/2001). «Caress Of Steel - Rush - Mercury, 1975». The Daily Vault. Henta 12. september 2012.
- ↑ «Recording Industry Association of America». RIAA. Henta 17. august 2011.