Neil Peart
Neil Ellwood Peart (12. september 1952–7. januar 2020) var ein kanadisk musikar og forfattar. Han var trommeslagar og tekstforfattar for rockebandet Rush. Peart fekk mange prisar for spelinga si og var kjend for den tekniske dugleiken og uthaldande stilen sin.[1]
Neil Peart | |||
Peart spelar ein trommesolo på Xcel Energy Center den 22. mai 2008. | |||
Fødd | 12. september 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hamilton i Ontario, Canada | ||
Død | 7. januar 2020 (67 år) | ||
Dødsstad | Santa Monica | ||
Fødenamn | Neil Ellwood Peart | ||
Opphav | Canada, USA | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, hardrock, heavy metal, jazz | ||
Instrument | Trommer, perkusjon, røyrklokker | ||
Tilknytte artistar | Rush, Buddy Rich Big Band | ||
Plateselskap | Mercury, Anthem, Atlantic | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent, forfattar | ||
Gift med | Carrie Nuttall | ||
Prisar | offiser av Order of Canada |
Peart voks opp i Port Dalhousie i Ontario (i dag ein del av St. Catharines). Då han vart voksen dreiv han frå band til band i området med ønske om å spele trommer på fulltid. Etter ein mislukka periode i England for å konsentrere seg om musikken sin, reiste Peart heim, der han vart medlem av eit lokalt band i Toronto, Rush, sommaren 1974.
Tidleg i karrieren hans hadde stilen til Peart djupe røter i hardrock. Han var mest inspirert av trommeslagarar som Keith Moon og John Bonham, trommeslagarar som var fremst i det britiske hardrockmiljøet.[2] Etter kvart prøvde han å etterlikne jazz- og storbandmusikarane Gene Krupa ogBuddy Rich. I 1994 vart Peart ven og elev hos jazzinstruktøren Freddie Gruber.[3] Det var på denne tida Peart starta å endre stilen sin med å ta inn element av jazz og swing.
I tillegg til å vere musikar var Peart òg forfattar og har publisert fleire memoarar frå reisene sine. Peart var òg den fremste tekstforfattaren til Rush. I tekstane for Rush har han skrive om universelle tema og forskjellige tema som science fiction, fantasy og filosofi, samt verdslege, humanitære og liberale tema. Alle dei fem bøkene hans er reisebøker, men ein får òg innblikk i livet hans.
Prisar
endrePeart har fått følgjande prisar hos lesarane av magasinet Modern Drummer:[4]
- Hall of Fame: 1983
- Best Rock Drummer*: 1980, 1981, 1982, 1983, 1984, 1985, 1986, 2006, 2008
- Best Multi-Perkusjonist*: 1983, 1984, 1985, 1986
- Best Percussion Instrumentalist: 1982
- Most Promising New Drummer: 1980
- Best All Around: 1986
- 1986 Honor Roll: Rock Drummer, Multi-Percussion
- Best Instructional Video: 2006, for Anatomy of A Drum Solo
- Best Drum Recording of the 1980s, 2007, for "YYZ" from Exit...Stage Left
- Beste innspelte framføring:
- 1980: Permanent Waves
- 1981: Moving Pictures
- 1982: Exit...Stage Left
- 1983: Signals
- 1985: Grace Under Pressure
- 1986: Power Windows
- 1988: Hold Your Fire
- 1989: A Show of Hands
- 1990: Presto
- 1992: Roll the Bones
- 1993: Counterparts
- 1997: Test for Echo
- 1999: Different Stages
- 2002: Vapor Trails
- 2004: R30
- 2007: Snakes & Arrows
I lag med kollegaene i Rush, Lee og Lifeson, vart Peart offiser i Order of Canada i 1996.[5] Peart was inducted into the Canadian Songwriter Hall of Fame along with bandmates Lifeson and Lee.[6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Neil Peart» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Olson, Andrew C."Neil Peart Modern Drummer Awards" – andrewolson.com – Updated 10/1/06 – Accessed 12. september 2012
- ↑ Anatomy of a Drum Solo DVD, Neil Peart (2005); accompanying booklet. (Republished in Modern Drummer magazine, april 2006)
- ↑ «Neil Peart Biography». Arkivert frå originalen October 25, 2009. Henta 12. september 2012.
- ↑ Awards List Rush Awards list Arkivert 2009-06-04 ved Wayback Machine.
- ↑ "RUSH highlights" Arkivert 2010-07-15 ved Wayback Machine., MapleMusic – Accessed mai 23, 2007
- ↑ «Rush to be among inductees to songwriters hall of fame». CTV. January 19, 2010. Henta January 20, 2010.