Carey Range
Carey Range er ei fjellkjede søraust i Palmer Land. Ho er kring 65 km lang og 10 km brei med toppar opp til 1700 moh, mellom Mosbybreen og Fentonbreen. Fjellkjeda vart kartlagd av US Geological Survey frå flyfotografi teken av U.S. Navy 1966–69. I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter forskarar på kontinentaldrift, vart fjella namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter Samuel W. Carey, som var ein australsk geologiprofessor ved University of Tasmania, 1946–1970.[1]
Carey Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 72°53′S 62°37′W / 72.883°S 62.617°W | ||
Lengd | 65 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Carey Range 72°53′00″S 62°37′00″W / 72.8833°S 62.6167°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Carey Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 20. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Carey Range» (innhald frå Geographic Names Information System).