Carl Edvard Aas
Norsk kontorist og politikar
Carl Edvard Aas (5. november 1816–6. april 1876) var ein norsk kontorist og stortingsmann frå Røros.
Carl Edvard Aas | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. november 1816 |
Død |
Aas var son til ein byggmeister og proviantskrivar. Sjølv arbeidde han frå ung alder på kontoret til Røros koparverk, frå 1840 til 1871 var han hytteskrivar ved Eidet-hytta (gruva). I om lag 20 år var han ordførar i Holtålen og Ålen, dessutan var han forlikskommissær.
Aas representerte Søndre Trondhjems amt på stortinget 1859-60, stortinget 1862-63 og på omframtstortinget 1864. Han var frå 1859 til -63 medlem i Næringskomite nr 1, medan han i 1864 var med i komiteen om senking av innsjøen Øyeren.
Siste leveåra budde Aas i Singsås.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914