Carl Johan Erichsen

Carl Johan Erichsen (14. september 187910. november 1949) var ein norsk offiser frå Oslo.

Carl Johan Erichsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1879
Oslo
Død

10. november 1949 (70 år)

Yrke militær

Erichsen, som var son til ein gårdeigar i hovudstaden, utdanna seg til det militære. Han vart offiser i 1901 og steig i gradane til han i 1934 vart forfremja til generalmajor og utnemnd til divisjonssjef.

Åra 1930-33 var Erichsen for 8. infanteriregiment, og i 1934 for 6. infanteriregiment. I 1934 vart han utnemnd til kommanderande general over 6. divisjon. Han førte befal over 6. divisjon til han i 1939 tok over som kommanderande general for 1. divisjon. Samstundes var han frå 1939 også kommandant på Fredriksten festning.

Den 8. april 1940 beordra generalmajor Erichsen på eige initiativ utplassering av mitraljøse på kaien i Halden, ettersom tyske krigsskip var i Skagerrak. Etter mobiliseringsordren kom 9. april klarde generalmajoren å samle nokre avdelingar av divisjonen og tok kampen opp mot den tyske invasjonsstyrken. Erichsen «freista halda Fossumstroket», men tyske styrkar klemde på både frå vest og sør. Divisjonen kjempa i tre døgn, før styrken på i kring 3 000 mann ved Ørje trekte seg tilbake inn i Sverige, der han 14. april vart avvæpna og internert.

Erichsen var i 1945-46 norsk militærattaché i Canada. Han skreiv elles fleire militære avhandlingar.

Kjelder endre