Carl Theodor Dahl
Carl Theodor Dahl (1802–11. mars 1862) var ein norsk jurist, auditør og stortingsmann. Han var son av Carl Dahl og far til Carl Adolf Dahl.
Carl Theodor Dahl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1802 Tønsberg |
Død |
11. mars 1862 (59 år) |
Yrke | jurist, politikar |
Språk | norsk |
Far | Carl Adolph Dahl |
Dahl var fødd i Tønsberg. Han vart student frå Kristiania katedralskule i 1821 og cand. jur. i 1826. Han var så tre år advokatfullmektig og ei tid prokurator i Smaalenene. Frå 1831 og heilt til han døydde var han auditør ved 1. akershusiske brigade.
I 1845 representerte Dahl Fredrikshald på Stortinget. Der var han medlem av militærkomiteen. Elles var han lite aktiv politisk, men var medlem av bystyret i Fredrikshald i 1860-61.
Han døydde i Fredrikshald i 1862.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914). Stortinget og statsraadet : 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 181.
- Biografisk informasjon om Carl Theodor Dahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv