Carlos Alberto de Sousa Lopes (fødd 18. februar 1947) er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Viseu som i 1984 vart Portugals fyrste olympiske meister.

Carlos Lopes


Statsborgarskap Portugal
Fødd 18. februar 1947 (77 år)
Vildemoinhos
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 1984 – Maraton menn, athletics at the 1976 Summer Olympics – men's 10,000 metres

Utmerkingar

storkorset av Infante Dom Henriks orden, Bislett-medaljen, Médaille du mérite sportif, storoffiser av Infante Dom Henriks orden, offiser av Infante Dom Henriks orden, ridder av Infante Dom Henriks orden

Aktiv endre

Lopes deltok i EM i friidrett 1971 og Sommar-OL 1972. Han vart nummer 33 på 10 000 meter og sidan utslått ut i forsøka på 3 000 meter hinder i Helsinki og på så vel 5 000 som 10 000 meter i München året etter. I februar 1976 vart Lopes verdsmeister i terrengløp. 29. mai 1976 i München forbetra han sin personlege rekord på 10 000 m med 45 sekund til 27.45,7. To månader seinare sette han fart frå start i milløpet under Sommar-OL i Montreal. Til sist var det berre tittelforsvararen, finske Lasse Virén, som heldt fylgje. 450 meter før målstreken rykte Virén forbi og sikra seg ein suveren siger, spurtsvake Lopes tok sølvet,

I 1982-sesongen forbetra Lopes milrekorden sin til 27.24,3, einast 2 sekund etter verdsrekorden. Året etter vart han slått på målstreken i terrengløps-VM i Gateshead og kom på sølvplass. I sommarsesongen flytta han sitt personbeste på 10 000 meter med eit lite sekund til 27.23,4.

I New York i mars 1984 vart Lopes verdsmeister i terrengløp for andre gong. Den 4. juli gjorde han sitt livs beste milløp då han i Stockholm vart klokka i mål på 27.17,4. Ved dei olympiske sommarleikane i Los Angeles nokre veker seinare valde han å delta i maratonløpet. 34,5 kilometer ut i løpet rykte han frå dei næraste konkurrentane og opparbeidde ei klar leiing dei neste 5 kilometerane, eit forsprang som han beheldt til mål. Våren 1985 i Lisboa sikra Lopes seg sin tredje VM-tittel i terrengløp. Og den 20. april forbetra han løyperekorden i Rotterdam maraton til 2.07.12.

Kjelder endre