For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Carmen (fleirtyding).

Carmen er ein fransk opera i fire akter, som er skrive av Georges Bizet. Librettoen blei skriven av Henri Meilhac og Ludovic Halévy basert på historia med same namn av Prosper Mérimée.

Carmen
Opera av Georges Bizet
SjangerOpera
PeriodeRomantikken
Urframføring3. mars 1875
Typisk lengd195 min
Satsar/akter27 (4 akter)
Libretto avLudovic Halévy og Henri Meilhac
Plakat frå premieren

Operaen hadde premiere på Opéra-Comique i Paris 3. mars 1875. Eit år etter blei den karakterisert som ein umoralsk og overflatisk fiasko, men er no den fjerde mest spelte operaen i USA og eitt av dei mest populære operastykka i verda med flest oppsettingar og oppføringar.[1] Særleg Habanera-arien frå første akt og Toréador-arien frå andre akt er nokre av dei best kjende operapartia i verda.

Bizet døydde etter den 33. oppføringa av operaen, så han fekk ikkje med seg suksessen som Carmen kom til å ha i det neste tiåret.

Operaen går føre seg i Sør-Spania, og handlar om den naive soldaten Don José som forelskar seg i sigøynarkvinna Carmen. Don José gjer det slutt med ungdomskjæresten sin og forsømmer dei militære pliktene sine, før Carmen forlet han til fordel for den glamorøse tyrefektaren Escamillo. Don José drep henne i eit sjalusianfall. Skildringane av umoral, fattigdom, lovbrot og at hovudpersonen døydde gjorde operaen kontroversiell i samtida.

Roller endre

 
Galli-Marié som Carmen
  • Carmen - Mezzosopran
  • Don José - Tenor
  • Escamillo - Baryton
  • Micaëla – Sopran
  • Mercedès – Mezzosopran
  • Fransquita – Sopran
  • Zuniga – Bass
  • Moralés – Baryton
  • Lilias Pastia – Talerolle

Kjelder endre

  1. «Statistics». www.operabase.com (på engelsk). Henta 23. august 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carmen